Bestillingsportal for elev-PC vg1
Nettbutikken for kjøp av elev-PC opnar 1. juni 2015
Infoskriv om ordninga kjem i posten til elevar og føresette!
Her får du høve til å skaffe deg ein ny PC eller MAC til skulestart. Sogn og Fjordane Fylkeskommune subsidierer maskina slik at den blir rimlegare for deg å kjøpe.
Sogn og Fjordane fylkeskommune har avtale med Atea om levering av PC og Mac til elevar som startar i Vg1 i den offentlege videregåande skulen i Sogn og Fjordane. Du kan berre kjøpe ei maskin gjennom denne ordninga. Alle bestillingar vert kontrollert mot søkarlister til skulane. Dersom du ikkje har rett til å bestille gjennom ordninga vert ordren kansellert.
Modellane i ordninga vert produsert på bestilling. Det er difor ein del leveringstid på maskinene. For å sikra levering før skulestart, må difor bestilling utførast innan 3. juli 2015. Ein kan nytte seg av ordninga etter denne datoen (heilt fram til 1. desember 2015), men om de bestiller etter 3. juli er det ingen garanti for at eleven har maskina før skulestart. Dersom de bestiller etter denne fristen, eller dersom de vel å ikkje nytte ordninga, er de sjølve ansvarlege for at eleven stiller med ei berbar datamaskin til første skuledag. Dette er viktig, då alle elevar skal registrere seg digitalt, laste ned programvare dei treng, og få opplæring i systema som skulen nyttar.
Det fyrste du må gjere for å kome i gang med bestillinga, er å klikke på "Registrer ny bruker" i feltet oppe til høgre på denne sida. I namnefeltet er det namnet til eleven som skal leggast inn (dette er grunna kontroll av bestilling opp mot søkarlister).
Modellar
Grunnmodellen/Standard PC-en kan nyttast på alle utdanningsprogramma og er god nok til dagleg skulebruk. Ein kan også velje ein kraftigare PC eller ein Mac.
På fleire av utdanningsprogramma vert det nytta programvare som kun fungerer på Windows. For mange elevar vil PC difor vere det beste alternativet.
Les alt om ordninga på www.sfj.no/elevpc
(Denne bestillingsportalen støttar diverre ikkje bruk av nettbrett.)